Frankrike mai 2016


Veke 21: Konferanse i Frankrike Lyce Vallot, Lodeve
Søndag 8.mai, midt på natta starta vi på den lange reisa til Frankrike. Vi skulle ta fly frå Vigra kl 06.30 og mellomlande både i Amsterdam og i Paris før vi endelig var framme i Montpellier. På flyplassen vart vi møtt av dei franske elevane og lærarane som hadde køyrt i ein times tid for å hente oss. Nokre av oss fekk ein liten ekstra sightseeingtur i området og fekk sjå vakre små byar og fine strender før vi satte nasen mot Lodève der vi skulle tilbringe dei neste dagane. Resten av søndagskvelden var elevane saman med vertsfamiliane sine og det vart nok ein tidleg kveld på dei fleste etter lang dag på farten.


Måndag formiddag fekk elevane vår oppleve korleis ein vanleg skuledag  er her i Lodève. Alle var med vertselevane sine i skuletimar, noko som var svært interessant. Vi lærarane fekk også sjansen til å observere undervisning og både engelsktimar og mattetimar sto på planen.
Måndag ettermiddag var det leigd inn ein instruktør i kickboksing og alle saman fekk lære det mest elementære innan denne sporten. Elevane våre «ga alt», og fekk veldig skryt for innsatsen sin. Etter kickboksinga sto det hip hop på planen med alt som det innebærer av vansklege «moves». Dette var ein veldig positiv start på opphaldet vårt her i Lodève. 
Måndag kveld kom dei nederlandske elevane (18) og lærarane og heile gruppa med elevar og lærarar bestod no av 51 personar.

Gruppearbeid
Intervju med Radio Lodeve

Tysdag 10.mai var det offisiell åpning av konferansen. Det heile starta i kantina med ein felles  frukost ( croissanter, jucie og kakao) Nærradioen «Radio Lodève» var tilstade og laga ein reportasje der både elevar og lærarar måtte stille til intervju. Etter frukosten starta sjølve arbeidet med prosjektet, og temaet denne gongen var «What can be wasted in school?» Elevane vart delt inn i grupper som bestod av elevar frå alle tre landa. Dei skulle diskutere og kome fram til eit tema som dei ville arbeide vidare med. (t.d. «waste of food, waste of electricity, waste of paper )


Kahoot
Gatebilde frå gamle Montpellier - veggfasade med påmåla vindauge

Onsdag 11. mai var vi i Montpellier, som med sine ca 250.000 inbbygjarar er den tredje største middelhavsbyen etter Marseille og Nice. For å lære byen betre å kjenne vart elevane delt inn i grupper og skulle ut i frå nokre skriftlege instruksjoner finne fram til nokre av dei viktigaste monumenta i byen. Montpellier er «spekka» med historie og her er det verkeleg mykje både og sjå og å lære. Vi hadde ein super dag der alle fekk gjere litt av det som dei sjølv ønskte som t.d. litt shopping.

Fellesmåltid torsdag
Torsdag 12.mai kika sola endeleg fram etter fire våte og kalde dager. Det var kjekt at vi fekk oppleve litt sol og varme før vi reiser heim til Norge. Denne dagen vart det jobba vidare med prosjektarbeidet, og både filmar, veggaviser og presentasjonar vart produsert og klare for framføringer på fredag.
Om kvelden var det fellesmåltid, der både foreldre og skulen bidro med mat. Her var det mykje godt på bordet. Veret var så bra at vi var ute.




Presentasjon av gruppearbeid
Fredag 13. mai var siste dag. Kvar gruppe presenterte og argumenterte for sine løysingar framfor ein jury. Den var samansett av ein medlem av byrådet i Lodeve, administrasjonen ved    skulen og ein elev med engelskspråkleg bakgrunn. Gruppe nr 8 vann med temaet korleis kaste mindre mat frå kantina.    


Utsikt frå skulen
Usikt mot skuleinngangen. Nytt sjukehus rett fram.
Utsikt til katedralen i Lodeve frå 1200-talet



http://www.lyc-vallot-lodeve.ac-montpellier.fr/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar