torsdag 7. november 2013

Dagstur til Barcelona.

I dag reiste alle elevane og lærarane til Barcelona. Vi vart delt inn i grupper med fleire nasjonalitetar, og vart guida rundt av spanske elevar som hadde førebudd seg godt. Vi lærte mykje om byen og storkosa oss i det nydelege haustveret. Vi har hatt 25 grader og sol frå skyfri himmel i heile dag, og vi måtte til og med fram med solkremen for ikkje å bli brent.

Sola og varmen kom i dag

Det er verkeleg herleg å kjenne novembersola varme her i Castellbisbal. Det er som ein god og varm sommardag heime. Dagen starta med prosjektframføringar for dei landa som ikkje hadde framføringar i går og første økt vart avslutta med konklusjonar på kor miljøbevisste innbyggjarane i dei ulike landa er.

Deretter var elevane med på ulike sportsaktivitetar. Dei norske jentene vart tatt inn på guttelaget og fekk gode tilbakemeldingar på fotballferdigheitene sine. Gutane frå Stranda spela volleyball og imponerte stort med uendelege serverekkjer og harde smasher.


tirsdag 5. november 2013

Ettermiddagstur til Sitges





Prosjektpresentasjon

Før avreise til Spania, Castellbisbal, fekk elevane i oppdrag av den spanske prosjektkoordinatoren å undersøke bruk av landareal i Stranda kommune før (ca 1960) og no. I tillegg skulle dei kartlegge miljøbevisstheita blandt innbyggjarane på Stranda.


mandag 4. november 2013

Første dagen på skulen med presentasjonar og bli kjent aktivitetar

39 elevar frå sju ulike land møtest og blir kjent. Deltakarlanda er Litauen, Italia, Tyskland, Nederland, England, Spania og Noreg.






søndag 3. november 2013

Ankomst flyplassen i Barcelona

Etter å ha vore på reise sidan 03.30 var det deilig å kome fram til flyplassen i Barcelona. Her ventar vi spente på å treffe vertsfamiliane.

Det første møte med vertselevane gjekk fint.


Barcelona by night

fredag 1. november 2013

Avreise til comeniusmøte

No er vi straks klare for avreise til Barcelona som vi gledar oss veldig til. Vi har friskt i minne møte vi hadde her på Stranda i september og no er det vår tur til å besøke dei vi hadde buande hos oss.

mandag 23. september 2013