mandag 2. februar 2015

Nytt prosjekt: Paperless school challenge

Vi er i gang med søknad til eit nytt prosjekt der vi samarbeider med tre andre land: Frankrike, Nederland og Tyskland. I veke 5 arbeidde vi med søknaden, og målet er å redusere papirmengdene i skulen og samfunnet ved hjelp av betre bruk av IKT til læring. Det vil utfordre elevane og lærarar på ny teknologi og nye tankar omkring læringsarbeid. I tillegg vil arbeidsspråket bli engelsk.
Her er link til websida:
http://paperlessschoolchallenge.eu/
Dersom søknaden blir godkjent vil oppstart bli hausten 2015. Vi gledar oss!!

Besøk frå Tyskland 10.-16. februar 2015

No nærmar det seg beøk frå Tyskland. Onsdag kveld 10. februar vil vi få besøk av 7 tyske elevar og 2 tyske lærarar. Dei vil vere på skulen torsdag i vanlege timane. Ta godt imot dei!